Politiet: Sjåføren som køyrde ned og drap to kvinner her køyrde i amfetaminrus

ÅSTADEN: Dødsulykka i Kjølsdalen skjedde då bilføraren køyrte inn på gangvegen og traff dei to kvinnene.

ÅSTADEN: Dødsulykka i Kjølsdalen skjedde då bilføraren køyrte inn på gangvegen og traff dei to kvinnene. Foto:

– Han kan ha sovna bak rattet, meiner statsadvokaten.

DEL

Mannen som køyrde ned og drap Anne Elise Sæthre (63) og Marit Johanne Røed Sundal tredje juledag i fjor var påverka av amfetamin og klonazepam, skriv Bergens Tidende.

Dødsulykka i Kjølsdalen skjedde 3. juledag i fjor. To kvinner vart påkøyrde på ein gangveg då dei gjekk på tur på kvelden. Begge kvinnene omkom. Ein mann i 50-åra blei først sikta for aktlaust drap etter hendinga, men siktinga blei seinare utvida til også å gjelde køyring i ruspåverka tilstand.

Politiet var tidleg ferdig med sin del av etterforskinga, men venta frå vårparten av på ein rapport frå Statens vegvesen.

Seinare vart saka sendt vidare til statsadvokaten, ettersom den omhandla dødsfall.

Saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett 25. februar, og skal gå over fire dagar.

Lensmann: – Vi har funne dei svara vi treng

Den sikta mannen erkjenner ikkje straffskuld

15–20 born brukar ulykkesvegen til skule og barnehage. Innstendig oppmoding frå rektor om at det kjem opp rekkverk raskt


Artikkeltags