Lensmann trur forklaringa til den drapssikta vil komme søndag

DØDSULYKKE: To kvinner mista livet etter at dei vart påkøyrde av ein bil torsdag kveld i Kjølsdalen. Mannen som køyrde har enno ikkje gitt si forklaring til politiet.

DØDSULYKKE: To kvinner mista livet etter at dei vart påkøyrde av ein bil torsdag kveld i Kjølsdalen. Mannen som køyrde har enno ikkje gitt si forklaring til politiet. Foto:

EID: Mannen som er sikta for aktlaust drap etter trafikkulykka i Kjølsdalen, har enno ikkje gitt si forklaring. Men lensmannen trur den vil komme søndag.

DEL

– Den sikta har enno ikkje gitt si forklaring, seier regionlensmann Tormod Hvattum til Firda laurdag.

Fredag vart det klart at mannen som no har status som sikta for aktlaust drap, ikkje ønskte å gi si forklaring. Det skulle då bli gjort to nye forsøk på nye avhøyr på kvelden, og dersom ingen forklaring vart gitt, skulle politiet prøve på nytt laurdag morgon.

Sterkt prega av hendinga

Mannens advokat, Oscar Ihlebæk, grunngav klienten si utsetjing med at hendinga pregar mannen sterkt, og at han difor nyttar seg av retten til å vente med å gi si forklaring.

Ihlebæk sa til Firda fredag at hans inntrykk er at den sikta mannen ønskjer å samarbeide med politiet.

– Han har gitt inntrykk av at han er innstilt på å forklare seg, og å samarbeide med politiet. Men det må gjerast når han er fysisk og psykisk klar til gjere det, sa advokaten.

Håpar på forklaring søndag

Regionlensmann Hvattum fortel at det vil bli gjort eit nytt forsøk på å innhente mannens forklaring søndag, midt på dagen.

– Då trur eg vi vil få hans forklaring, seier Hvattum, som samstundes understrekar at det er ein sjanse for at forklaringa ikkje kjem, slik som i dei tidlegare avhøyra.

– Det er ein rett han har, så under avhøyret i morgon kan vi få beskjeden at han ikkje ønskjer å komme med ei forklaring då, seier Hvattum.

Det er heller ikkje komme fram noko nytt under anna etterforsking i saka, ifølge regionlensmannen.

– Vi hadde to nye vitneavhøyr i går. I dag vil det ikkje skje noko meir anna enn førebuingar til neste dags avhøyr.

To kvinner døydde etter å ha blitt påkøyrde på gangveg

Artikkeltags