Politiet åtvarer mot utspekulert nettsvindel

BANKID: Svindlarane prøver å få deg til å bruke BankID på fiktive sider.

BANKID: Svindlarane prøver å få deg til å bruke BankID på fiktive sider. Foto:

Meir enn 50 nettbankkundar er svindla for over 17 millionar kroner. Truleg er rundt 200 personar råka til no.

DEL

I løpet av den siste tida har politiet fått inn over 50 meldingar der nettbankkundar har blitt svindla for til saman meir enn 17 millionar kroner, melder Politiets nettpatrulje Vest. Dette har ramma alle aldersgrupper, der yngste per no er 20 år og eldste er 90 år. Truleg er rundt 200 personar ramma.

Framgangsmåte

Alle dei fornærma har blitt kontakta av personar som gir seg ut for å vere frå norske eller utanlandske bankar, finansinstitusjonar, tradingselskap eller liknande. Alle har oppfordra nettbankkundane om å nytte BankID til verifisering. Dei har blitt vist til noko som framstår som heimesida til banken eller selskapet. Dette er i realiteten fiktive sider, der informasjonen som vert lagt inn vert nytta til å tappe kontoen til dei fornærma. Pengane vert overført til mellommenn og vidare omsett til kryptovaluta.

Råd

- Ikkje oppgje passord eller kode frå kodebrikka du nyttar til BankID til andre. Dette gjeld på telefon, via epost eller på usikre nettstader- Ikkje nytt BankID på nettstader du ikkje er 100% sikker på- Sjå etter ein hengelås i adressefeltet i nettlesaren. Dette er teikn på at nettsida er kryptert og eigaren bekrefta- Sjekk at adressefeltet i nettlesaren (URL) ikkje inneheld mange tal, symbol og bokstavar utan betyding- Har du mistanke om at andre kan ha nytta din BankID; sjekk nettbanken din snarast og meld eventuelt frå til banken

Desse råda frå Europol og Kripos kan også vere nyttige:

- Berre kjøp eller legg inn informasjon frå kjelder du stolar på

- Tenk deg om før du samtykkjer til at betalingsinformasjon vert lagra på nettstaden

- Bruk kredittkort ved netthandel

- Kontroller regelmessige betalingar

- Ta vare på kvitteringar/dokumentasjon på nettkjøp

- Ikkje send pengar til nokon du ikkje kjenner

Artikkeltags