Vart teken for å køyre utan lappen for 8. gong – då var tolmodet til retten slutt

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: Ein mann i slutten av 30-åra må no sone 35 dagar i fengsel, for å ha køyrd utan lappen, etter å ha blitt domfelt for dette fleire gonger.

DEL

Ein mann i slutten av 30-åra frå Sunnfjord, er dømd til 35 dagar i fengsel for å ved fleire høve køyre bil utan førarkort.

Den no dømde mannen har ved fleire høve køyrt utan sertifikatet, og han er også dømt for det opptil fleire gonger.

Dømt for det same tidlegare

I 2015 vart han først bøtelagt for å køyre utan førarkort ved to tilfelle. Året etter vart han på våren dømd til 20 dagar fengsel på vilkår, før han på hausten same år vart dømd for to nye tilfelle av køyring utan førarkort.

Retten gav då ut ei fellesstraff, medrekna forholda han vart dømd for på våren i 2016, til fengsel på vilkår i 30 dagar.

Teken for 8. gong

Dommane ser derimot ikkje ut til å ha fått bukt med problemet, for nyleg måtte mannen i retten nok ein gong for to nye tilfelle av å ha køyrt utan førarkort.

Når tiltalte møtte i retten, var det for utmåling av straff for 7. og 8. gongs køyring utan førarkort, over eit tidsrom på tre år.

Retten fann det skjerpande for straffa at den sikta fleire gonger er straffa for same brotsverk, og meinte at dei straffbare forholda kvalifiserte til fengselsstraff utan vilkår. Dette følgde dei også opp i retten.

Retten var samd med påtalemakta at det måtte reagerast strengt, ettersom at den sikta fullstendig ignorerte vegtrafikklova sine krav om førarkort, og synte in total mangel for respekt for regelverket.

«Tidlegare straffereaksjonar har ikkje vore tilstrekkeleg til å hindre vidare køyring utan førarkort» heiter det i dommen.

I formildande retning blir det lagt vekt på at den sikta har tilstått forholda utan atterhald. Den samla vurderinga gjer at straffa blir sett til fengsel utan vilkår i 35 dagar.

Artikkeltags