Pensjonist fekk 48.000 i bot for fyllekøyring

Artikkelen er over 3 år gammel

KRIM: Mannen har erkjent å ha eit alkoholproblem.

DEL

Ein mann frå Sunnfjord vart denne veka dømd i Fjordane tingrett for å køyre bil medan han var påverka av alkohol. Mannen er i 60-åra og er pensjonist. Ein blodprøve frå like etter han vart teken, viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,21 promille.

Mannen køyrde i eit sentrumsområde midt på lyse dagen, på eit tidspunkt det vanlegvis er mykje trafikk. Køyringa hadde derfor stort fare- og skadepotensial, også for andre i trafikken.

Mannen vart dømd til 16 dagar fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. I tillegg må han gjennomføre eit program mot rusa køyring. Han må også betale ei bot på 48.000 kroner, og mistar retten til å køyre bil i to år.

Artikkeltags