Mann tiltalt for å ha slege, bite og drege sambuaren langs golvet

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein mann frå Sunnfjord er tiltalt for grov mishandling av sambuaren sin, skriv Firdaposten.

I juni 2015 skal han ifølge tiltaleavgjerda ha mishandla sambuaren sin ved fleire høve. Han skal ha slege ho fleire gonger i ansiktet og på kroppen. Den tiltalte skal også ha bite sambuaren sin, dytta ho ned på golvet og drege ho etter håret. Han truga også fleire gonger med å drepe ho, og deira felles barn. I det same tidsrommet skal han også ha teke seg inn i bustaden til sambuaren sin utan løyve.

Han er også tiltalt for grov vald under særleg skjerpande omstende. I det same tidsrommet som han skal ha mishandla sambuaren sin, utsette han også ein mann for grov vald. Den tiltalte skal ha slege denne mannen fleire gonger i hovudet og kroppen med eit kosteskaft, han skal også ha bite han i handa, tatt kvelartak på han og slepe han langs bakken.

Mannen vart påført eit kutt i hovudet som måtte syast med fem sting. Ifølge tiltaleavgjerda bar valdsutøvinga karakter av mishandling. Ved eit anna høve utsette den tiltalte denne mannen for vald. Då skal han ha teke tak i eit bord og dytta det med full kraft inn i brystkassa på mannen, slik at braut eit ribbein.

Valdsepisodane skal ha skjedd medan mannen var rusa. Han er også tiltalt for å ha brukt dei narkotiske stoffa klonazepam og THC.

Vald i nære relasjonar har ei strafferamme på fire år. Det er også strafferamma for valden han utsette mannen for i det andre og tredje tilfellet, og valdsepisoden som forårsaka eit ribbeinsbrot har ei strafferamme på mellom eitt og fire år. Dei alvorlege trugsmåla han kom med har ei strafferamme på minst 6 månaders fengsel.

Saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett 27. juni.

Artikkeltags