Kvinne dømd for over 20 lovbrot på to år

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Lovbrotslista som kvinna i 40-åra stod bak var svært, svært lang. No ventar ein fengselsdom, og 10.000 i bot.

DEL

Fleire tilfelle av køyring utan gyldig førarkort, og å køyre i rusa tilstand. Å bryte seg inn i ei hytte på rømmen frå politiet og deretter stele datautstyr og to luftgevær, og å oppbevare fleire større mengder narkotika. Dette var blant dei mange lovbrota som sørga for fengselsstraff for ei kvinne i 40-åra, busett i Sunnfjord.

I tillegg stod kvinna tiltalt for å ha vore med på tjuveriet av ei gravemaskinklo, ved å køyre bilen som vart brukt under transporten. Ho var også tiltalt for å ha oppretta eit mobilabonnement i ein annan sitt namn, og å ha svindla ei kvinne ved kjøp av ein bil. Ho vart derimot frifunnen av retten for desse lovbrota.

Balla på seg med dumme idear

I retten skal den domfelte ha fortalt i samband med innbrotet i hytta, at ho og sambuaren opphavleg braut seg inn for å varme seg. Etter at dei var på rømmen frå politiet, byrja dei nemleg å fryse i skogen. Då dei såg verdiar i hytta, endra motivet seg.

– Den eine dumme ideen tok den andre og det «balla på seg», heiter det i dommen.

Åtte månader

For lovbrota vart kvinna nyleg dømt til åtte månader fengsel i Sogn og Fjordane tingrett. Fengselsstraffa utsettast med ei prøvetid på to år, på særvilkår at den dømde kvinna i prøvetida fullfører eit narkotikaprogram med domstolskontroll.

Dette særvilkåret kom sidan kvinna over lang tid har hatt vore rusmisbrukar.

20 lovbrot på to år

Retten utmålte straffa etter å ha funne kvinna skuldig i fire tilfelle av å ha oppbevart narkotika, der eitt av desse tilfella blir rekna som grovt. Ho er også funne skuldig i to tjuveri, der eitt av desse var grovt, tre tilfelle av rusa køyring, seks tilfelle av køyring utan gyldig førarkort og fem tilfelle av narkotikabruk.

Totalt blir dette 20 lovbrot, og alle skal ha skjedd i tidsrommet frå seinhausten 2015 til seinhausten 2017.

10.000 i bot

I tillegg til fengselsstraffa, må kvinna også betale 10.000 kroner i bot. For dei trafikale brotsverka misser ho også førarretten i fem år.

Artikkeltags