Dømd for overgrep mot eige barnebarn

fjordane tingrett
rettsal
lov
dom
domstol

fjordane tingrett rettsal lov dom domstol Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Ein mann frå Sunnfjord er i Fjordane tingrett dømd til 6 års fengsel for seksuelle overgrep mot sitt eige mindreårige barnebarn, som var under 14 år då overgrepa skjedde. Mannen må også betale 200.000 i oppreisning, i tillegg til å måtte betale saksomkostningane på 10.000 kroner. Det melder Firdaposten.

Overgrepa skal ha funne stad over ein tidsperiode på halvtanna år, skriv Fjordane tingrett i dommen.

Blei oppdaga på skulen

Overgrepa kom for ein dag på skulen hennar, då klassen tok opp seksuelle overgrep som tema i undervisninga. Etterpå vart elevar som hadde opplevt noko av det det vart orientert om, oppfordra til å komme til helsesøster sitt kontor for ein prat. Det gjorde jenta, noko som medførte at det juridiske apparatet tok tak i saka. Men det fulle omfanget av overgrepa kom ikkje fram før i dommaravhøyret. Same dagen som dommaravhøyret vart bestefaren arrestert og sett i varetekt.

Retten har kome til at fleire av overgrepa skal ha involvert fysisk tvang, mellom anna ved eitt ufyllbyrda forsøk på samleie. Tiltalte skal og ved gjentekne høve ha «teke på hennar private stader», både utanpå og under kleda, då dei var åleine.

Endra forklaringar

Tiltalte nektar straffskuld på dei fleste av tiltalepunkta, men medgir at han skal ha befølt henne på underlivet utanpå kleda, og teke tak i handa hennar og ført den bort på sitt eige underliv, utanpå kleda. Etter ein samla vurdering av jenta sin forklaring og tiltalte sin forklaring, meiner retten det heva over ein kvar tvil at overgrepa skal ha funne stad. Det mellom anna ut frå jenta sin svært detaljerte forklaring, og måten ho framstod psykisk då overgrepa kom for ein dag. Dei finn også svakheiter ved tiltalte sin forklaring, mellom anna det at han skal ha gjeve ulike versjonar av hendingane i ulike avhøyr.

Etter overgrepa skal jenta mellom anna ha slite med posttraumatisk stress, og blir no følgt opp av det medisinske apparatet.

Artikkeltags