Mistenkt for køyring i påverka tilstand – stansa av politiet i Loen

– Det var mistanke om køyring i påverka tilstand, politiet har kontroll på mannen.

DEL

Det seier Terje Magnussen i Vest politidistrikt .

– Utrykkingspolitiet i Loen stansa den 32 år gamle mannen. Han er no meldt til politiet for å ha køyrt i påverka tilstand, seier Magnussen.

Politiet rapporterte om hendelsen like før klokka ni måndag morgon.

– Mannen blei tatt med for å ta blodprøver. Det er mistanke om at føraren var påverka av narkotiske stoff, seier Magnussen.

Artikkeltags