– Funnet vart gjort i samband med ransaking av ein bustad i Sogndalsområdet måndag kveld, skriv politiet i ei pressemelding.
Med på ransakinga var ein godkjend narkotikahund frå Sunnfjord.
– Narkotikaen var godt gøymd, og utan hjelp frå hunden hadde den vore vanskeleg å finne, melder politiet.
I tillegg til hundregramsplater og klumpar med hasj, til saman 580 gram, vart det funne ei mindre mengd flytande væske, truleg GHB.
To personar vart arresterte og sikta for å ha narkotika, den eine har erkjent forholdet. Begge er no sette fri, men saka vil bli etterforska vidare, skriv tenesteeinheitstleiar i Sogn, Inger Lill Lanes i pressemeldinga.