Mann i 40-åra dømd etter amfetamin- og rivoltrilbeslag

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Mannen kvalifiserte til fengselsstraff, men fekk strafferabatt for å tilstå.

DEL

Ein mann i 40-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til ei bot på 5000 kroner og fengsel i 15 dagar for oppbevaring av narkotika, men straffa blir utsett med ei prøvetid på to år.

Mannen tilstod at han hadde oppbevart 2,15 gram amfetamin og 65 rivoltril-tablettar. Mengda amfetamin som vart beslaglagd, kvalifiserer eigentleg til ei bot. Mengda rivoltril-tablettar er derimot så stort, meiner retten, at det i utgangspunktet kvalifiserer for ei fengselsstraff med atterhald.

Mannen fekk strafferabatt fordi han tilstod, og fordi saka har blitt relativt gammal før den kom opp i retten. Dei peikar også på at stoffet var til eige bruk, og at faren for spreiing dermed ikkje var så stor.

Artikkeltags