Mann i 20-åra kasta vatn i ansiktet på politiet

Mannen frå Sogn er tiltalt for tre lovbrot.

DEL

I november i fjor skal mannen frå Sogn vore på ein pub og slått ein mann minst to gonger med knytt hand i ansiktet.

Han skal også ha brukt narkotika ved eit par høve våren 2018.

I slutten av desember same år, brukte han narkotika. Eit par dagar seinare kom politiet på natta for å arrestere mannen. I samband med dette kasta han vatn i ansiktet på to politibetjentar.

Mannen må no svare for seg i tingretten i oktober.

Artikkeltags