Vart teken med amfetamin og må sone 60 dagar i fengsel

DOM: Ein tidleg mann i byrjinga av 40-åra er tidlegare dømd for fleire narkotikabrotsverk. No må han i fengsel for oppbevaring av hasj og amfetamin.

DEL

Mannen vart teken med totalt 18,41 gram amfetamin, og til saman 10,5 gram hasjisj, og vart i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 60 dagar i Fengsel.

Straffa fleire gonger

Mannen tilstod oppbevaringa og fortalde i retten at narkotikaen var til eige bruk. Retten såg likevel mengda som så stor at dei vurderte ein mogeleg spreiingsfare.

Amfetaminmengda åleine tilsvara ein 90-dagars fengselsdom. I tillegg fann retten det skjerpande at mannen er straffa fleire gongar tidlegare for narkotikabrotsverk.

Beslaget av hasjisj ville normalt sett gitt ei bot, men valde å i staden ta det med som skjerpande for straffeutmålinga.

Ventetid på 14 månader

Ettersom det gjekk om lag 14 månader etter mannens tilståing i avhøyr, til mannen vart sikta, vart det gitt ut ein betydeleg straffereduksjon.

Påtalemakta la til at mykje av tidsbruken var etterforsking av den sikta for nakotikasal i ein by i Sunnfjord. Sjølv om etterforskinga vart omtala som uavbroten og komplisert, fann retten fengselsdommen på 60 dagar som passande. Mannen får vidare eit varetektsfrådrag på 18 dagar.

Artikkeltags