Sunnfjord-mann i 30-åra dømd for å ha lasta ned overgrepsmateriale, og å ha onanert foran barn på videochat

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: No ventar fengsel for mannen som vart avslørt gjennom politets storaksjon «Dark Room».

DEL

Mannen, som er i byrjinga av 30-åra, og frå ein kommune i Sunnfjord, er i Sogn og Fjordane tingrett no dømd for seksuelt krenkande åtferd, nedlasting av filmar og bilde av overgrep mot barn, samt kjøp av hasj.

Barnepornografisk materiale

Det mest alvorlege lovbrotet som retten la fram, var nedlasting av om lag 70 filmar og 30 bilde vart omtala som «barnepornografisk materiale som viser seksualiserte barn, og barn som utfører seksuelle handlingar». Alder på borna har vore frå seks–sju år og oppover.

Mannen er også dømd for fire tilfelle der han hadde onanert ovanfor personar under 16 år på videochat, kjem det fram frå dommen i Sogn og Fjordane tingrett.

Avslørt av «Dark Room»

Ifølgje Bergens Tidende vart den no dømde mannen avslørt etter politiets storaksjon kalla «Dark Room». Han tilstod forholda i retten, og blir saman med eitt tilfelle av kjøp av 15 gram hasj i Bergen, dømd til fengsel i fem månader.

31 dagar i varetekt vert trekt frå dommen, og i tillegg vart det sett som formildande at saka har hatt lang liggetid før dommen fall.

I tillegg til å måtte sone i fengsel, vert mannens datamaskin beslaglagt av politiet.

Artikkeltags