Slo person så han small i asfalten – fekk skallebrot og alvorleg hjerneskade

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Forsvarar og tiltalte meiner det var i naudverje, og ankar dommen på to års fengsel.

DEL

Ein mann i slutten av 20-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til to års fengsel, samt å betale 150.000 kroner i oppreising til ein mann etter eit hovudslag som medførte alvorleg hjerneskade.

Krangel utanfor utestad

Dei to kom i krangel utanfor ein utestad i Sunnfjord i desember 2015. Krangelen enda med at den tiltalte gav den fornærma det som av retten og vitneskildringar blir oppfatta som eit hardt og målretta slag mot hovudet med knyttneve.

Slaget førte til at den fornærma snurra rundt, fall framover og trefte bakken med hovudet først. Dette gav han skallebrot og brote nasebein. Han fekk også hjerneskade som følgjer av hjernebløding.

Skader for resten av livet

Mannen vart sendt til lokal legevakt, Førde sentralsjukehus som traumepasient og vidare til Haukeland universitetssjukehus. Ved nevrokirurgisk avdeling gjekk det fram at mannen hadde alvorlege hovud, ansikts – og hjerneskadar, og vart lagt i kunstig koma og respirator.

Av legevurderingar som var lagt fram for retten gjekk det fram at hjerneskaden vil gi varige og tydelege livshemmingar, ved motorikk, kognisjon, personlegdom, emosjonell evne, syn, språk, og sosiale evner.

Retten påpeikar også at mannens rolle som partnar og far også er varig endra, at han aldri vil kunne køyre bil att, vil trenge eit visst tilsyn, og vil få behov for tilrettelegging i kvardagen.

Meiner han handla i naudverje

Tiltalte på si side meiner at han før sitt eige slag vart utsett for eit ulovleg angrep. For retten hevdar han at slaget mot fornærma var i naudverje.

Aktor gjorde det gjeldande at det ikkje var tilstrekkeleg bevist at mannen vart utsett for eit ulovleg angrep før hans eige slag. Han påpeika også slaget uansett overskreid det som var naudsynt og forsvarleg.

Dette vart det også strid om i retten, og det var usemje blant dommarane om mannen handla i naudverje eller ikkje.

To lekdommarar meinte mannen burde trekt seg unna framfor å slå, medan ein fagdommar meiner at det er uvisst om den tiltalte hadde moglegheit til dette, og at slaget difor var i naudverje.

Ankar dommen

Etter ein samla fleirtalsvurdering fann retten at tiltalte gjekk lenger enn naudsynt og forsvarleg, og at det som retten omtalar som eit kraftig og svært farleg slag er ei overskriding av naudverjeretten.

Mannen vart i Sogn og Fjordane tingrett dømt til fengsel i to år utan vilkår. Han vart også dømt til å betale 150.000 kroner i oppreising til fornærma.

Til NRK Sogn og Fjordane har tiltalte sin forsvarar, Frode Sulland gjort det klart at hans klient anka dommen på staden, grunna at han framleis meiner han burde frifinnast etter naudverjeparagrafen.

Det skal no bli avgjort i Gulating lagmannsrett om mannen får saka behandla på nytt.

Artikkeltags