Mann i 20-åra fyllekøyrde – hugsar ikkje hendinga

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Hoppa også ut av bilen i fart. No må han sone 26 dagar i fengsel og betale 60.000 i bot.

DEL

Ein mann i slutten av 20-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for å fyllekøyre med 1,86 i promille.

Hendinga skjedde tidlegare i år. Mannen hugsar ikkje stort frå kvelden, men forklarte i retten at han var på fest der han drakk øl og sprit. Vitne forklarte i retten at dei såg mannen hoppe ut av bilen i fart. Bilen hamna i grøfta etter at tiltalte hadde køyrt ei strekning på om lag tre kilometer.

Køyrde med 1,86 i promille

I underkant av fire timar etter hendinga, vart det teke blodprøve som synte ein alkoholkonsentrasjon på 1,86 i promille. Tiltalte hadde ikkje alkohol heime, og det er ingen haldepunkt for at han drakk alkohol etter køyringa.

Tiltalte skal ha erkjent straffeskuld, noko som retten fann formildande. Retten fann det derimot skjerpande at mannene hadde ei så høg promille at han ikkje hugsar køyringa, og at han også hoppa ut av bilen i fart, som kunne skapt farlege situasjonar. sjølv om han ikkje hugsar køyringa.

60.000 kroner i bot og misser lappen

Den sikta vart dømd til 26 dagars fengsel etter hendinga. I tillegg til fengselsstraffa fekk han også ei bot på 60.000 kroner.

Mannen mista også førarretten i to år.

Idrettsleiar putta 205.000 kroner i eiga lomme. No får han samfunnsstraff

Samfunnstopp fekk samfunnsstraff og mista førarkortet 

Køyrde med promille midt på dagen – det kosta 105.000 kroner

Artikkeltags