Lokka ut person og slo han i hovudet med skiftenøkkel

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Påførte den fornærma eit kutt som gjekk heilt inn til kraniet. No må valdsmannen i fengsel i seks månader.

DEL

Ein mann i midten av 20-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til seks månadar i fengsel, samt å betale 30.000 kroner i erstatning til ein person som han skal ha slått i hovudet med ein skiftenøkkel. Kuttet gjekk heilt ned til kraniet, og måtte syast med sju sting hjå lege.

Mannen er domfelt to gonger tidlegare, mellom anna ei fengselsstraff på 15 dagar og bot på 5000 kroner for narkotikabrotsverk. Han er også dømd til 60 dagars samfunnsstraff for valdsbrotsverk.

I tillegg til fengselsstraffa og erstatninga, blir han også idømt å betale 3000 kroner i sakskostnader.

Vart «lokka» ut og angripen

Valdshendinga skjedde etter at den fornærma vitja ein ven i Førde. Han fekk då ein telefon av ein kamerat av den no valdsdømde mannen, som ville snakke med han utanfor bustadkomplekset.

Når han kom ut, vart han angripen av personen som ringde han, samt den no domfelte mannen. Det oppstod eit basketak, der den fornærma vart slegen i ansiktet med ein knyttneve, slik at han også ramla på glatta.

Medan han låg på bakken, vart han slegen i hovudet med ein metallgjenstand – ein metallgjenstand som han før angrepet såg i handa på tiltalte, og som han skildra som ein skiftenøkkel.

Han byrja å blø kraftig, men greidde å komme seg på beina og sprang bort. Medan han sprang, skal det også ha blitt kasta stein etter han.

Vart ikkje trudd for forklaringa

Den tiltalte si forklaring avveik vesentleg frå denne forklaringa. Han forklarte i retten at fornærma nokre dagar i førevegen skulle ha truga ein felles venn med kniv.

Han forklarte at han og den tiltalte skulle møte den fornærma for å fortelje han at slik oppførsel ikkje var greitt, og at det var fornærma som først slo etter han då dei møttest. Det vart vidare nekta for at nokon av dei skulle ha hatt med seg ein skiftenøkkel eller liknande metallgjenstand, og at dei hadde nytta den til å slå fornærma. Kuttet meinte han måtte ha komme av eit fall i basketaket.

Retten festa ikkje lit til denne forklaringa, og meiner den verkar konstruert og usannsynleg opp mot bevisa i saka.

Det vart heller festa lit til ei vitneskildring frå ein person som såg dei to gå til åtak på fornærma, og som også ringde politiet.

Metallgjenstanden vart ikkje funnen, men såret i hovudet til fornærma var djupt og ut frå sin art godt i samsvar det som kunne ha blitt forårsaka av eit kraftig slag frå ein skarp metallgjenstand, ifølgje politiets forklaring i retten.

Ingen bevis for provokasjon

Den tiltalte erkjente ikkje straffeskuld for å ha slått med metallgjenstanden. Retten, på si side, fann ingen tilfelle av provokasjon eller berettiga harme som kan gje grunnlag for reduksjon i straffa. Retten vurderer valdsutøvinga til å vere av ein hemnaktig karakter, som har vore planlagt og overlagt. Dette fann dei også skjerpande for dommen.

Artikkeltags