Kvinne i 30-åra busett i Nordfjord tiltalt for terrorverksemd

KRIM: Dette er første terrortiltale mot ei kvinne i Norge. 14. januar må kvinna frå Somalia møte i Oslo tingrett.

DEL

I tiltalen står det at kvinna i perioden juni 2016 til november 2017 deltok i terrororganisasjonen Den islamske stat i Iran og Levanten (ISIL).

I denne perioden hadde ho kontakt med fleire personar knytt til ISIL i Syria, Storbritannia og Sudan, og deltok i opne og lukka fora på Internett som publiserte propaganda for ISIL.

Kvinna deltok i arbeid med å utvikle og spreie ISIL-propaganda mellom anna ved å lese korrektur på propagandatekst, sende over propagandameldingar og tekst med valdeleg jihadistisk innhald til ein person knytt til ISIL, og oppretting av fiktive brukarkontoar på ulike sosiale medium.

Arrestert i Austerrike

Ho skal også ha formidla kontakt mellom ein mann i Storbritannia og eit ISIL-nettverk i Syria i mai 2017. Mannen ønskte å reise til landet for å slutte seg til terrororganisasjonen, men vart arrestert på Stansted flyplass i London same dag.

På same tid førebudde den aktuelle kvinna seg også på å reise til Syria. I oktober 2017 reiste ho frå Nordfjord og var innom fleire europeiske land før ho dukka opp i Wien. Der fekk ho hjelp av to personar til opphald og/eller pass under falsk namn. 1. november vart kvinna arrestert av austerriske myndigheiter då ho forsøkte å reise med fly til Tyrkia.

Deretter søkte ho om asyl i Austerrike og vart plassert på eit asylmottak. Ikkje mange dagar etterpå reiste ho til Italia. Der vart ho arrestert ei veke seinare og fengsla. Den 5. desember i fjor vart ho uttransportert til Norge.

Overførte pengar til ISIL-krigar

Kvinna er også tiltalt for å ha ytt økonomisk støtte til ISIL.

I juni 2016 overførte ho eit ukjent pengebeløp til ein ISIL-krigar. Den same krigaren fekk også støtte av kvinna i februar året etter.

Kvinna skal også i mai 2017 ytte ho økonomisk stønad til ein terrororganisasjon ved å overføre 150 amerikanske dollar til ein ISIL-deltakar i Sudan.

I april 2017 overførte ho 847 amerikanske dollar til mannen, som seinare vart arrestert på Stansted flyplass i mai. Han blei i år dømd for å delteke i terrorverksemd.

Risikerer 12-års fengsel

Kvinna risikerer lang fengselsstraff. Strafferamma i saka er 12 år, opplyser statsadvokat Marit Formo til NRK.

– Ho stiller seg heilt avvisande til tiltalen. Ho seier at ho ikkje har vore på veg til ISIL-land eller overført pengar til ISIL-medlemmer. Det var nytt ved tiltalen at hun skal ha overført nokre småpengar til ISIL-sympatisørar eller medlemmer, seier kvinnas advokat, Steingrim Vollan til NRK.

NRK har også tidlegare skrive at det vart funne ei bombeoppskrift på kvinna sin telefon, samt eit steg for steg instruks til korleis ein kan lage eksplosivar på sitt eige kjøkken.

Artikkeltags