Køyrde i 136 km/t midt på dagen – no ventar fengsel

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Ein mann i byrjinga av 20-åra må sone 14 dagar i fengsel, etter eit grovt fartsbrot i vår.

DEL

Nordfjord-mannen er ikkje tidlegare straffedømt, men må no sone ein fengselsdom. Fengselsdommen kom med margin på éin kilometer i timen, ettersom grensa for vilkårslaust fengsel i fartsdommar normalt går på 135 km/t, heiter det i dommen frå Sogn og Fjordane tingrett.

Ein ettermiddag på våren i år køyrde mannen i 136 kilometer i timen i ei 80-sone ein stad i Sogn. Fartsbrotet skjedde under ei forbikøyring, og målinga vart gjort av politiet i ein trafikkontroll, noko som naturlegvis vart lagt fram som bevis i retten.

Mannen tilstod forholda i retten. I tillegg til å måtte sone, misser også den unge mannen lappen i ein periode på 11 månader. Han må også gjennomføre ny førarprøve for å få lappen tilbake.

Artikkeltags