Hamna i trafikkuhell og vart målt til 1,99 i promille. No ventar fengsel og 28.000 i bot

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: Mannen i 20-åra misser også førarretten i to år.

DEL

Det kjem fram av ein dom i Sogn og Fjordane tingrett.

Retten fann det skjerpande for dommen at køyringa skjedde på ei vegstrekkje der det normalt sett vil vere ein del trafikk – også på nattetid. Retten peika også på farepotensialet med å køyre i rusa tilstand.

1,99 i promille – og hamna i trafikkuhell

Analyseresultatet av blodprøven som vart teke av den no dømde mannen, synte ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,99 promille.

Det at køyreturen enda med eit trafikkuhell, var også skjerpande for straffeutmålinga.

21 dagar i fengsel

At den unge mannen tilstod alle forholda i retten og samtykte til ein tilståingsdom, vart sett på som formildande.

Ein alkoholkonsentrasjon i blodet på over 1,2 promille kvalifiserer normalt til bot og fengsel utan vilkår.

Retten fastslo difor dommen til vilkårslaus fengsling i 21 dagar, 28.000 kroner i bot, samt tap av førarretten i to år.

Artikkeltags