Gav seg ut for å vere eksmannen og tok opp kredittlån på 600.000 kr

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Ei kvinne i 40-åra frå Nordfjord er no dømt for å ha forsøkt å svindle sin tidlegare ektemann for nær 950.000 kroner.

DEL

Ved 19 ulike anledningar perioden frå våren 2016 – februar 2017, skal kvinna i 40-åra ved hjelp av nettbank-brikka til eksmannen ha forsøkt å svindla han for om lag 950.000 kroner.

Ni av forsøka lykkast ho med, og ved hjelp av å ta opp kredittkortlån i hans namn svindla ho han for vel 600.000 kroner. Lånebeløpa kvinna tok opp i hans namn varierte frå kring 9000 til 250.000 kroner.

Ville slette gammal gjeld

Summane ho fekk innvilga gjennom lån, vart utbetalt til ho sjølv. Dette tilstod ho også i Sogn og Fjordane tingrett.

Både retten og påtalemyndigheitene la derimot vekt på at hennar motiv var å innfri eldre lån, for å halde kreditorar på avstand frå å gå til tvangsinndraging. Dei meiner at kvinna ikkje var ute etter å varig tileigne seg pengane ho svindla til seg.

Sju månader fengsel – med prøvetid

Retten peika på at normalstraffa for bedrageri av denne storleiken, og som attpåtil var fleire bedrageri mot fleire, ville vere fengsel i underkant av eitt år. Dette kom dei vidare fram til ville vere strengt.

Kvinna har også fleire born, og retten meinte difor at å måtte sone fengselsstraffa ville vere utfordrande for borna sin omsorgssituasjon.

Retten meinte vidare at fengselssoning ville vere uheldig med tanke på at kvinna etter at ho vart meldt har fått tilvising til psykolog og at ho frå før har hatt månadlege psykologtimar.

Dommen vart difor sett til sju månader, og vart sett med ei prøvetid på to år.

I tillegg dømmast kvinna til å måtte betale tilbake 6.868 kroner, 15.504 kroner og 8.300 kroner til tre ulike bankar.

Artikkeltags