Var rusa og hadde ikkje lappen. Likevel køyrde han rundt i sentrum

Då politiet tok blodprøve av mannen i 20-åra viste den 0,94 promille. I dagane før vart mannen også tatt med kokain.

DEL

– Manglande respekt og total fåvit for reglane i vegtrafikklova illustrerer farepotensialet han er villig til å ta, og utgjer etter påtalemaktas syn eit alvorleg handlingsmønster som retten bør reagere hardt på.

Påtalemakta la ned påstand om 20 dagar i fengsel og 10.000 kroner i bot. I tillegg meinte dei at han ikkje burde få lov å køyre på 1 år og 10 månadar.

I retten la den tiltalte mannen alle kort på bordet og tilstod. Dette meinte retten burde gje strafferabatt.

Mannen vart dømd til å sone 18 dagar i fengsel, betale 25.000 kroner i bot og får ikkje køyre bil på 1 år og 10 månadar.

Andre krimsaker:

Artikkeltags