Ung mann tatt med 50 gram hasj

Mann frå Sunnfjord dømt til fengsel på vilkår og bot.

DEL

I februar i år blei mannen tidleg i 20-åra tatt for å kjøpe og oppbevare 50 gram hasj, og for å selje 6 gram hasj.

Han kom med ei tilståing utan atterhald i Sogn og Fjordane tingrett nyleg. Mannen har ikkje inntekt, men mottar lån og stipend. Han er tidlegare ustraffa.

Retten landa på å gi han fengselsstraff i 21 dagar, men på vilkår med ei prøvetid på to år. Han slepp altså sitte i fengsel om han ikkje gjer nye lovbrot i to år framover.

I tillegg blei han dømt til bot på 3000 kroner, der retten hadde tatt omsyn til den avgrensa inntekta til mannen. Han fekk også inndratt 1000 kroner, som var det han fekk for dei seks gramma med hasj han selde.

Artikkeltags