To menn mistenkte for grov valdtekt av kvinne dei var på fest hos

DEL

To menn mistenkt og arresterte for grov valdtekt av ei kvinne i 20-åra. Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Valdtekta skal ha skjedd i samband med ein fest i bustaden til kvinna, ein stad i Sogn og Fjordane. Det seier bistandsadvokat Synne Øren til NRK.

Hendinga skal ha skjedd i april i år.

Dei to mistenkte vart torsdag denne veka framstilte for varetektsfengsling i Sogn og Fjordane tingrett. Dei er no fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

Forsvarar til den eine av dei mistenkte, Lene Knapstad, seier til NRK at klienten hennar ikkje erkjenner straffskuld eller samtykker til fengsling.

Også den andre mistenkte nektar kjennskap til saka, og nektar for at det skal ha skjedde ei valdtekt. Advokaten hans, Louis Anda, seier til NRK at dei skal anke fengslinga.

Artikkeltags