Tiltalt for å seie «I will fuck you up» til politibetjent

Mannen må i retten etter ein episode natt til 17. mai.

DEL

Ein mann tidleg i 20-åra er tiltalt i Sogn og Fjordane tingrett for å komme med truslar mot ein politibetjent natt til 17. mai i år.

Under eit russearrangement i Flora bad politiet mannen om å fjerne seg frå området. Han blei arrestert.

Under bilturen til politistasjonen skal han ha sagt følgande til ein politibetjent: «I will fuck you up, I promise you that». Seinare skal han ha sagt at han skulle finne ho (politibetjenten) og «ta henne».

Saka går i retten denne torsdagen.

Artikkeltags