Teken for gjentekne narkotikalovbrot

Men sunnfjordingen slapp fengsel.

DEL

Ein sunnfjording i 20-åra vart i vinter teken for oppbevaring av hasj.

Det var i mars at politiet fann 25 gram hasj hos vedkommande, noko han tilstod utan atterhald då han møtte i retten.

Vedkommande er tidlegare dømd for køyring i rusa tilstand, dette er datert tilbake til 2018. Då blei mannen også teken for bruk og oppbevaring av narkotika.

Etter å ha tilstått i retten slepp mannen likevel å sone i fengsel.

Han er dømd til 19 dagar fengsel på vilkår, samt ei bot på 5000 kroner.

Dommen blei forkynt for den dømde 7. mai.

Artikkeltags