Skal ha tatt kvelartak på mann

Den fornærma skal ha fått smerter og vanskar med å puste.

DEL

Politimeisteren i Vest har tiltalt ein nordfjording i 30-åra for vald mot ein annan mann.

Hendinga skal ha skjedd ei natt i desemeber 2018. Den tiltalte mannen skal ha tatt kvelartak på ein annan ved to høve, slik at den fornærma fekk smerter og vanskar med å puste.

No må den tiltalte møte i retten.

Artikkeltags