Skal ha sparka politimann fleire gongar slik at han måtte sy

Politiet kom for å ta seg av ein aggressiv mann utanfor ein kiosk i Måløy. Det enda med spark, skjellsord og arrest.

DEL

Dette skjedde ei sein natt i desember i fjor. Mannen i 20-åra vart tatt hand om av politiet, noko han tilsynelatande ikkje likte.

Mannen skal ha sparka ein av politibetjentane på staden: To gongar i ryggen, i overkropp og ein gong i magen. Dette skal ha gjort til at politimannen fekk eit kutt i olbogen som måtte syast.

Mannen i 20-åra skal også ha prøvd å sparke og spytte på ein kvinneleg politibetjent.

Då det vart bestemt at mannen skulle fraktast vekk, skal han også ha sparka etter ein tredje politibetjent inne i cellebilen.

På turen til arresten skal mannen ha kome med gjentekne og nedsettande personkarakteristikkar mot politikvinna.

Dei to andre politibetjentane skal ha blitt kalla «stygge jævlar» og «politijævlar».

Mannen i 20-åra står no tiltalt for vald og truslar mot offentleg tenestemann, og for å ha hindra offentleg tenestemann. Strafferamma er bot og fengsel i inntil 3 år.

Saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett i mars.

Andre krimsaker:

Artikkeltags