NAV gav sunnfjording over 220.000 kroner i avklaringspengar – no er mannen tiltalt

Mannen i 40-åra unnlét å opplyse om alle timane han hadde jobba.

DEL

Statsadvokatane i Hordaland og Sogn og Fjordane har tatt ut tiltalte mot ein mann i 40-åra.

I perioden 30. mai 2016 til 23. juli 2017 leverte mannen meldekort til NAV kvar 14. dag. Der unnlét han å opplyse om alle timar han hadde jobba.

Dette førde til ei feilrekning og urett utbetaling av arbeidsavklaringspengar på til saman 222.831 kroner.

No er mannen tiltalt for grovt bedrageri og for å ha gitt falsk forklaring. Strafferamma for grovt bedrageri er inntil seks år. Uriktig forklaring vert straffa med bot eller fengsel inntil to år.

Artikkeltags