Mann tiltalt for å ha drapstrua politibetjentar

Han er også tiltalt for oppbevaring av hasj. No må han møte i retten.

DEL

Ei sein laurdagsnatt i fjor haust vart mannen tatt med til lensmannskontoret i Førde. Han skulle settast på celle, men var fysisk utagerande og forsøkte å sparke og spytte på tre politibetjentar fleire gongar.

Han skal også ha kome med ei rekke truslar mot politibetjentane som: «Eg skal drepe dykk og ungen dykkar» og «Eg skal torturere dykk gongar tusen».

Truslane skal ha halde fram etter at han vart låst inn på cella.

Mannen i slutten av 20-åra er også tiltalt for å ha oppbevart ca. 150 gram hasj i ein bag.

No må mannen svare for seg i Sogn og Fjordane tingrett. Rettssaka er sett til slutten av månaden.

Artikkeltags