Mann skal ha truga politiet på livet då dei fjerna han frå vegbana

Mann i 30-åra er no tiltalt for vald og truslar mot offentleg tenestemenn etter hendinga i 2017.

DEL

I august 2017 i Nordfjordeid gjekk mannen i 30-åra midt i vegbana. Han var rusa og hindra trafikken.

Ein politipatruljen kom til staden for å fjerne han frå vegbana. Då mannen vart spurt om personalia av politiet, skal han ha truga politibetjenten med livet.

Då mannen skulle settast inn i cellebilen for arrest forsøkte mannen å sparke ein av politibetjentane i ansiktet. Vidare prøvde han å forhindre politiet i arbeidet, heiter det i tiltalen.

Mannen må møte i Sogn og Fjordane tingrett i oktober.

Artikkeltags