Mann i 60-åra tiltalt for valdtekt og seksuell krenkande åtferd

No må nordfjordingen møte i retten.

DEL

Statsadvokatane i Hordaland og Sogn og Fjordane har tiltalt mannen for to brot på straffelova.

Ein februardag i fjor skal mannen ha trekt ned bukse og truse på ei kvinne og forgripe seg på ho. Kvinna var ikkje i stand til å motsette seg handlinga fordi ho sov. 

Mannen i 60-åra står også tiltalt for krenkande åtferd mot to andre kvinner same år.

I det eine tilfellet skal mannen ha sleika seg på peikefingeren og gjort teikn til at kvinna skulle kome nærare, for så å rope seksulle ytringar etter ho. I det andre tilfellet skal mannen ha kome med seksuelle tilnærmingar over telefon.

Rettsaka mot mannen skal opp i Sogn og Fjordane tingrett.

Artikkeltags