Mann i 30-åra frifunnen for valdtekt

DEL

Det var i februar 2018 ei kvinne i 40-åra fortalde politiet at ho hadde blitt valdteken av tre menn i 30-åra i Sogndal.

Mennene blei arresterte og sikta for grov valdtekt. Men før rettssaka mot dei starta i Sogn og Fjordane tingrett i februar, stakk den tredje tiltalte av.

Mannen blei etterlyst i Norge og internasjonalt og i slutten av mars blei han arrestert i Nordland. I august var saka oppe i Sogn og Fjordane tingrett. Der blei den tiltalte frikjend.

Dei to andre tiltalte mennene i saka blei dømde til fengsel i 5 år og 3 månader i fengsel og 4 år og 6 månader. Kvar av dei måtte også betale 175.000 kroner i oppreising til kvinna.

Begge har anka og saka skal opp i Gulating lagmannsrett i desember.

Artikkeltags