Mann i 20-åra sparka politikvinne i låret – må i retten

Den unge mannen står tiltalt for vald mot politibetjent, råkøyring i 170 km/t og narkotikabruk.

DEL

Ein sein laurdagskveld i 2017 blei mannen i Sogn transportert med politibil til arresten, då han sparka ei politikvinne i låret. Han står no tiltalt for vald mot offentleg tenestemann og tre andre lovbrot:

I 2016 køyrde han bil, og filma seg sjølv, bilen og ein passasjer medan han køyrde i ca. 170 km/t i ei 80-sone.

Sommaren 2017 lét mannen vere å følge politiet sitt pålegg om å halde seg unna ein campingplass han var vist vekk ifrå.

Han står også tiltalt for bruk av hasj og amfetamin ved fleire høve.

Saka skal opp i retten 26. mars.

Andre krimsaker:

Artikkeltags