Må betale polsk tilsett nesten 150.000 kroner

Av

Eit maskinfirma frå Sunnfjord måtte betale ein polsk mann overtid og feriepengar, men vart frifunne for erstatningskrav.

DEL

FIRDAPOSTEN: Den polske mannen blei mellombels tilsett i 2015 i eit underselskap hos maskinfirmaet, og månaden etter, dagen etter at stillinga hadde teke slutt, fekk han ny midlertidig tilsetting. I løpet av det neste året fekk han tre midlertidige tilsettingar med varierande lengd. I 2017 fekk han fast tilsetting.

Ingen overtidsbetaling, sa avtalen

Arbeidsavtalen som blei inngått, var basert på Arbeidstilsynets mal. Den var i utgangspunktet tospråkleg, men det som var fylt inn av arbeidsgjevar, var berre skrive på polsk. Eit særskilt vedlegg inneheldt ei avtale om gjennomsnittsberekning av arbeidstida, ei formulering ein ikkje fann i dei midlertidige avtalene den polske mannen hadde fått, skriv retten.

Denne avtalen innebar at det ikkje ville betalast ut pengar for overtidsarbeid. Likevel mangla underskrifta til tillitsvald på to av avtalene om gjennomsnittsberekning, og på den siste hadde heller ikkje arbeidsgivar underskrive.

Partane var ueinige om gyldigheita av avtalene, og i slutten av mai 2018 ringde mannen til kontormedarbeidaren for å seie opp og reise heim til Polen. Han blei då beden om å levere oppseiinga skriftleg, men dette blei aldri gjort.

Hovudforhandlinga blei gjennomført i mars i år. Der hevda den polske mannen mellom anna at han har arbeidd betydelege mengder overtid utan få verken overtidsbetaling eller feriepengar. I tillegg har det vore svært dårleg arbeidsmiljø i selskapet, med mykje mobbing, og tronge butilhøve i hyttene og brakkene mannskapa fekk når dei var på arbeid andre stader. Han hevda også at det eksisterte uskrivne krav i bedrifta for kor mykje ein måtte kunne jobbe i løpet av ein dag, for å få halde fram i jobben. I tillegg til feriepengar og lønn, på vel 162.000 kroner, ville mannen ha erstatning og advokatutgifter dekka.

2500 timar på eitt år

Eigaren av maskinfirmaet peika på at for å ha krav på erstatning, må ein vere ulovleg sagt opp, noko den polske mannen ikkje var. Eigaren peika også på at dei fleste av hans tilsette var frå utlandet, så når dei er i Norge ønskjer dei å jobbe så mykje som mogleg for å tene så mykje som mogleg. Det er grunnen til at selskapet har inngått avtaler om gjennomsnittsberekning av arbeidstid og hatt ei noko fleksibel arbeidstidsordning, sa han.

Fleire av elementa den polske mannen la fram i retten, blei betrakta som irrelevante for saka, men arbeidsgivar fekk kritikk for at mannen hadde arbeidd rundt 2500 timar på eitt år. Dermed blei fasiten at maskinfirmaet vart frifunne for krava om erstatning og dekking av advokatutgifter, men må betale den polske mannen vel 142.000 kroner i overtid og feriepengar, 20.000 kroner mindre enn han forlangte.

Artikkeltags