Lærar forfalska vitnemål for å få fast jobb

No må han sone 14 dagar i fengsel.

DEL

Mannen i 40-åra var tilsett i eit lærarvikariat ved ein skule i Sogn, då han nytta eit falskt vitnemål frå Høgskulen i Hedmark som dokumentasjon då han søkte fast stilling.

I det falske vitnemålet stod det at han var utdanna lærar ved lærestaden.

Denne månaden var saka oppe i Sogn og Fjordane tingrett. Mannen tilstod i retten. Høgskulen i Innlandet har også stadfesta at vitnemålet er falskt.

– Han har handla med forsett, står det i rettsdokumenta.

Den sikta mannen forklarte at handlinga ikkje var økonomisk motivert, men på grunn av det falske vitnemålet fekk mannen utbetalt meir enn 300.000 kroner for mykje i lønn.

Retten meinte hendinga var for alvorleg til ikkje å gje fengselsstraff. Mannen i 40-åra vart dermed dømd til 14 dagar i fengsel.

Andre krimsaker:

Artikkeltags