Ga på med Harley-motorsykkel - no må han nøye seg med trøsykkel

Mannen blei tatt i 137 km/t i Stryn.

DEL

Ein mann i 20-åra frå Nordfjord må sette Harley Davidson-sykkelen sin på vent dei neste ni månadane.

Han blei tatt for å køyre i 137 km/t med motorsykkelen i ei 80-sone i Stryn i august. No har saka vore i Sogn og Fjordane tingrett.

Sjølv opplyste mannen at han har stort behov for førarkort i kvardagen, på grunn av yrket sitt. Til retten kom han med ein uttaling frå arbeidsgivaren sin som underbygde dette.

Retten hadde forståing for det, men meinte omsynet til likebehandling og trafikksikkerheit må vege tungt, går det fram av dommen.

Mannen blei dømt til fengsel i 14 dagar, og mista førarkortet i ni månadar.

Artikkeltags