Full mann skal ha latt endå fullare kompis låne bilen - enda i grøfta

No er både eigar og førar tiltalt.

DEL

Hendinga skjedde ein sein kveld i august 2018. I ein kommune i Nordfjord skal ein mann i 30-åra ha lånt ut bilen sin til ein annan mann. Dette var like før midnatt.

Turen enda i utforkøyring der bilen fekk materielle skadar. Etter ulukka vart det tatt blodprøve av føraren. Den viste 2,46 i promille.

Det viste seg også at bileigaren var påverka av promille same kveld. Blodprøve tatt av klokka 02.15 viste 1,97 promille.

No er begge mennene tiltalt og må møte i Sogn og Fjordane tingrett: Førar for å ha køyrt bil i påverka tilstand, og eigar for å latt ein annan køyre bilen hans utan å forsikre seg om at han fylte vilkåra for nettopp det.

Rettssaka er sett til 19. juni.

Andre krimsaker:

Artikkeltags