Dei sikta blir varetekstfengsla endå lenger – to av dei krevde å bli sett fri

Fjordane tingrett har forlenga varetektsfengslinga for dei tre sikta i hotellbrannsaka.

Fjordane tingrett har forlenga varetektsfengslinga for dei tre sikta i hotellbrannsaka.

Artikkelen er over 3 år gammel

SELJE: Påtalemakta har nok ein gong bedt om forlenga varetektsfengsling.

DEL

Måndag tok Fjordane tingrett stilling til dette.

Retten avgjorde at den eine av dei sikta blir varetektsfengsla fram til fredag 31. mars klokka 14.00. Han har samtykt til den nye forlenginga på fire dagar, under forutsetning om at han ikkje får brev- eller besøksforbod.

Dei to andre sikta har fått forlenga varetekt fram til 24. april klokka 16.00. Desse to krevde begge å bli sett fri, men retten meinte at vidare varetektsfengsling var eit forsvarleg inngrep.

Fengslingsfristen har tidlegare blitt forlenga fleire gonger for dei sikta.

Det var natt til fredag den 25. november i fjor at hotellet i Selje brann ned. Ingen personar var inne i hotellet då det skjedde. I etterkant har dagleg leiar, styreleiar og aksjeeigar blitt sikta for grovt skadeverk og bedrageri. Dei er mistenkte for å sette fyr på hotellet for å få utbetalt forsikringspengar.

Les også:

Køyrde 100 mil for å sette fyr på sitt eige hotell

Sikta for hotellbrannen nektar å betale for opprydding

Artikkeltags