Blir dømd til fem og eit halvt år i fengsel for hotellbrannen

BRANNDOM: Dommen frå hotellbrannen i Selje kom onsdag. To av dei tre brørne er idømt fengselsstraff, medan den tredje er frifunnen.

BRANNDOM: Dommen frå hotellbrannen i Selje kom onsdag. To av dei tre brørne er idømt fengselsstraff, medan den tredje er frifunnen.

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: Tidlegare hotelldirektør må i fengsel, og styreleiaren fekk også fengselsdom. Den tredje av brødrene blir frifunnen.

DEL

Det kjem fram frå dommen i Sogn og Fjordane tingrett, etter hotellbrannen på Selje natt til 25. november.

Rettssaka har vart i tre veker. Tre brødre, som var dagleg leiar, styreleiar og aksjeeigar i selskapet som eigde Selje hotel, var sikta for grovt skadeverk og bedrageri.

Les også: Dagleg leiar, styreleiar og aksjeeigar sikta for hotellbrann

Direktøren tilstod i retten

Hotelldirektøren tilstod brannstiftinga i retten. Dei to brørne nekta for å ha hatt noko med planlegging, førebuing og stifting av brannen å gjere.

Direktøren forklarte at han hadde misst kontroll med pengebruken, og var under press frå rekneskapsførar, revisor og banksjef. For å rydde opp forklarte han at han over tid hadde planlagt å stifte brann på hotellet for få utbetalt eit forsikringsoppgjer for å attreise eit nytt hotell.

Brannen starta han ved hjelp av bensin, og ein anordning beståande av ein loddebolt, fyrstikker og eit 24 timars tidsur som han hadde testa på førehand.

På eit tidspunkt hotellet var avstengt og tomt for gjester og tilsette plasserte han fleire av desse inne på hotellet.

2,2 millionar i erstatning

Tingretten fann også direktøren skuldig i økonomisk utruskap, og at han samarbeidde med den tidlegare styreleiaren dette.

I tillegg til å bli idømt fem og eit halvt år i fengsel, må hotelldirektøren betale 2,255 millionar kroner i erstatning til forsikringsselskapet, heiter det i dommen.

Til frådrag i straffa til hotelldirektøren kjem 340 dagar, grunna varetektsfengsling.

Sona ferdig og slepp i fengsel

Det gjeld også i dommen av styreleiaren, som fekk frådrag av 341 dagar grunna varetektsfengsling.

Retten peika på at hans straff såleis var ferdigsona, og saman med den tredje broren som vart frifunnen blir han difor no sleppt fri.

Artikkeltags