Sparka politibetjent og truga med å knuse kneskålene hans

Av

No må mannen i 30-åra sone for utageringa.

DEL

Firdaposten: Ein mann i 30-åra slo seg i april i fjor vrang då han blei teken inn av politiet i Florø.

Ville sette på handjern

Mannen blei først observert av ein politipatrulje, som mistenkte at han hadde urinert på gata. Den synleg rusa karen blei umiddelbart aggressiv då dei spurde han om dette og nekta å oppgi personalia. Patruljen oppfatta at han førebudde eit angrep på dei og ville difor sette på han handjern.

Truga med å knuse kneskåler

Då forsøkte mannen å sparke ein av betjentane, utan å treffe. Mannen blei teken med til politistasjonen og i samband med at han blei sett inn i arresten sparka han igjen mot ein av betjentane, og trefte vedkommande i leggen. Då ein lege noko seinare kom for å undersøke mannen, blei han igjen aggressiv; mellom anna sa han til ein av politibetjentane at han skulle knuse kneskålene hans.

Dømd til 24 dagar i fengsel

Tiltalte møtte sjølv ikkje opp i tingretten, men retten var ikkje i tvil om at mannen hadde handla slik det blei beskrive.

Retten fann det også bevist ut over ein kvar rimeleg tvil at tiltalte forsettleg oppførte seg trugande og valdeleg for å påverke politibetjentane i å utføre lovlege tenestehandlingar.

Mannen er tidlegare dømd fleire gongar, og forholda mannen her stod tiltalt for, vart gjort i prøvetida etter siste dom.

Han blei dermed dømd til 24 dagar i fengsel, med to dagar frådrag for varetekt, pluss 2000 kroner i sakskostnader.

Artikkeltags