Politimannen frå Sogn og Fjordane blei sikta for vald i nære relasjonar i oktober. Advokaten hans, Mette Yvonne Larsen, opplyser at saka er lagt vekk no.

– Alle anklagene mot mannen er lagt vekk av Statsadvokaten. Klienten min er ekstremt letta over utfallet, seier Larsen.

Det var hans tidlegare sambuar som melde han for familievald. Mannen var i teneste medan etterforskinga heldt på, men har vore suspendert frå jobben sidan han blei offisielt sikta den 27. oktober i år.

Jogeir Nogva hos Statsadvokaten var ikkje tilgjengeleg for kommentar onsdag. Men etter det Mette Yvonne Larsen kjenner til, skuldast bortlegginga utilstrekkelege bevis.

– Eg har ikkje fått det skriftleg, men politiadvokaten hadde innstilt på tiltale, så då må Statsadvokaten ha tatt ei sjølvstendig vurdering og vurdert at bevisa ikkje heldt for domfelling, seier advokaten til politimannen til Firda.

No skal Larsen og klienten hennar ta kontakt med tilsettingsrådet, og be om å få suspensjonen frå politijobben heva.

– Vi meiner at dette er ei barnefordelingssak som har «gone bad» i botnen. Eg håpar vi kan komme vidare og samarbeide om barnet, framfor krig mellom dei vaksne, seier ho.

Les også: Politimann meld for vald og Må avvente svar frå etterforskinga