Meldinga mot mannen kom i april i år og skal konkret dreie seg om vald mot sambuar.

– Eg kan bekrefte at det er meldt ei sak som Møre og Romsdal politidistrikt har fått ansvar for, seier fungerande visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ronny Iden.

Under etterforsking

Kirsti Hammerø, politiadvokat og påtaleansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt, stadfestar at dei etterforskar ei slik sak.

– Eg kan stadfeste at vi har ei sak der vi er sett opp som settepolitimeister, men vi kan ikkje identifisere personar eller kva politidistrikt det er snakk om, seier ho.

– Er dette ei sak der vedkommande er meldt for vald i nære relasjonar?

– Det kan eg stadfeste.

– Kvar står saka no?

– Saka er under etterforsking. Vedkommande er ikkje sikta, men etterforskinga vil avgjere om det blir teke ut sikting eller om saka blir lagt vekk. Det er ei løpande vurdering, seier Hammerø.

– Er vedkommande framleis i jobb?

– Det kan vi ikkje kommentere.

Ikkje første sak

Etter det Firda kjenner til vart politimannen meld for liknande tilfelle på midten av 2000-talet. Dette stadfestar advokaten til den fornærma overfor Firda.

Les også: Var redd for sitt eige liv

Eit legenotat Firda har fått tilgang til, er datert dagen etter valdshendinga. Der står det følgjande: «Pasient har vore utsett for vald. Det er klar samanheng mellom dei funn som er gjort og det XX fortel». Saka vart seinare lagt vekk på grunn av bevisets stilling.

Iden stadfestar at dei er kjent med dette.

– Det dreier seg om ei gammal sak som vart etterforska og lagt vekk. Den blei i si tid etterforska av eit anna politidistrikt og vert etter det eg forstår ikkje teken opp igjen, seier han.

Firda har søkt om innsyn i saksdokumenta hos politiet, men fått avslag.

Uskuldig til det motsette er bevist

– Politimannen skal behandlast som uskuldig.

Det seier advokat John Kristian Elden.

Han har lang erfaring innan strafferettsleg og sivilrettsleg prosedyre, og kommenterer saka på generelt grunnlag. Han meiner politimannen som no er sikta for vald, må behandlast som uskuldig til det motsette er bevist.

– Også politifolk har rettssikkerheit og alle kan sende inn ei melding, seier han.

– Er det greitt at ein politimann som er under etterforsking for vald, framleis er i teneste?

– Viss eg var sjefen hans, ville eg truleg regulert litt på kva oppgåver han vart sett til, men han skal behandlast som uskuldig. Fleire skuldingar er ikkje i seg sjølv avgjerande, men det kan gje grunnlag for at mannen vert sikta.

Les også: Må avvente svar på etterforskinga

Firda har vore i kontakt med politimannen, som ikkje ønskjer å kommentere saka.

Kva er vald i nære relasjonar?

  • Vald i nære relasjonar (også omtala som partnarvald eller familievald) omfattar all fysisk og psykisk vald og truslar mellom noverande og tidlegare familiemedlemmer, og den omfattar også barn som er vitne til valden.
  • Straffbar kjønnslemlesting og tvangsekteskap fell også inn under omgrepet.
  • Ulike former for vald: fysisk, seksuell, materiell, psykisk, økonomisk, sosial (t.d. sosial isolasjon), latent (ei spesiell stemning før eller etter ein valdsepisode), oppsedingsvald.
  • Vald i nære relasjonar er straffbart etter norsk lov.

Kjelde: Politiet