Meiner drapssikta i Florø var psykotisk

ÅSTADEN: Krimteknikarar frå Bergen i arbeid på åstaden i Florø i april.

ÅSTADEN: Krimteknikarar frå Bergen i arbeid på åstaden i Florø i april. Foto:

Dei sakkunnige har konkludert med at mannen som er sikta for drap i Florø var psykotisk.

DEL

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Ein 22 år gammal mann står sikta på drap av ein 40-åring i Florø i april. Retten sine oppnemnde sakkunnige har no konkludert med at mannen var psykotisk under akten.

NRK skriv at politiadvokat Inger-Lise Høyland seier at politiet truleg vil leggje ned påstand om tvungen psykisk helsevern når saka kjem opp. Forsvarar Frode Sulland seier at dei aksepterer konklusjonen til dei sakkunnige.

Les meir om drapet:

Artikkeltags