Mann frå Sogn og Fjordane funnen død og rana i Tsjekkia

POLITI: Ein mann er arrestert og sikta for alvorleg kroppsskade.

DEL

Det stadfestar Tore Salvelsen, leiar for seksjon for etterforsking av drap, grov vald og seksuallovbrot i Vest politidistrikt til Firda.

Det var VG som først omtalte saka.

Mannen frå Sogn og Fjordane var på ferie i Praha med ein annan person då han forsvann. Han vart meldt sakna 15. oktober.

Mannen vart seinare funnen død og rana utanfor den tsjekkiske hovudstaden, men det er ukjent kva dag, ifølgje politiet.

Ida Dahl Nilssen, presseansvarleg i Kripos, fortel til VG at dei fekk ein førespurnad frå tsjekkisk politi om å hjelpe til i saka den 15. oktober.

17. oktober vart mannen identifisert.

Ein mann er arrestert og sikta for alvorleg kroppsskade, tjuveri, uautorisert bruk av kort og forfalsking, melder Bergens Tidende.

Salvesen seier til Firda at dei er i full gong med etterforsking, og at dei jobbar med å varsle alle pårørande.

Artikkeltags