Det seier visepolitimeister Ronny Iden.
Ein politimann i Sogn og Fjordane er meld for familievald. I 2015 lanserte politiet og Kripos kampanjen «Hvor lite skal du finne deg i?», der målet var å førebyggje vald i nære relasjonar.
– I kampanjen seier politiet at vald i nære relasjonar ikkje er ei privatsak, men eit samfunnsansvar. Kva tenkjer du om at ein politimann er meldt for nettopp dette?
– Eg registrerer at det er komme ei melding. Vi har lagt vekt på å behandle dette på ein rett måte, så får vi sjå kva som kjem ut av etterforskinga, seier Iden.
Ingen reaksjon
– Slik vi har forstått det er politimannen framleis i teneste. I lys av samfunnsansvaret til politiet – er det greitt?
– Vi har vurdert saka og sendt den vidare til eit anna politidistrikt, og det er slik vi må forholde oss til dette. Meldinga la ikkje grunnlag for å reagere mot politimannen. Vi må vente på kva som kjem ut av etterforskinga, seier Iden.
– Kan ikkje dette skade omdømmet til politiet?
– Det kan svekke omdømmet vårt viss vi ikkje behandlar saka på ein god måte. Det meiner eg at vi har gjort ettersom vi har sendt den over til eit anna politidistrikt. Det politidistriktet vil eventuelt kontakte oss viss det kjem fram opplysningar under etterforskinga som gjer at vi må reagere. Ei melding er ikkje nok til å innføre sanksjonar mot ein tilsett.
Må vurdere habiliteten
– Korleis etterforskarar politiet sine eigne?
– Når ein tilsett i politiet er involvert i ei sak, må vi alltid vurdere habiliteten vår. Dette er vanleg prosedyre. Denne saka tok vi umiddelbart vidare til statsadvokaten og sa at vi ikkje burde etterforske ho sjølv i distriktet, seier Iden.
I straffelova § 7–2. vert påtaleinstruksen forklart slik: «Blir en embets- eller tjenestemann i politiet anmeldt eller oppstår det på annen måte mistanke om at vedkommende har begått en straffbar handling utenfor tjenesten, skal melding normalt gis til statsadvokaten som treffer bestemmelse om den videre etterforsking. Dreier det seg om et lovbrudd av særlig alvorlig art, sender statsadvokaten meldingen videre til riksadvokaten og avventer hans forholdsordre».
- Kvinna som har fortalt om sitt forhold til politimannen til Firda, skuldar politiet for kameraderi. Kva er din kommentar til det?
– Den saka har eg ikkje kunnskap om anna enn at den vart etterforska og seinare lagt vekk. Eg stolar på at den er blitt behandla slik den skal, svarar Iden.