Full mann i 60-åra taua inn av politiet

Skapte støy og plage for naboane.

DEL

– Vi måtte rykke ut til eit forhold i Sunnfjord, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til Firda.

Det var etter at naboar hadde klaga på støy i eit område i Sunnfjord.

– Vedkommande bråka, og ville ikkje etterkomme politiet si oppmoding om å slutte, seier Halleraker.

Det førte til at politiet ikkje såg noko anna løysing enn å ta med seg mannen i 60-åra.

– Han var berusa, og hamna i drukkenskapsarresten, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags