Fryktar folk går på denne svindelen

ÅTVARER: Etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes ved Vest politidistrikt åtvarer mor dette brevet.

ÅTVARER: Etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes ved Vest politidistrikt åtvarer mor dette brevet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Politiet åtvarar om uvanleg godt utført svindel. – Vi er litt redde for at folk tenker at beløpet er så lite at dei berre betaler, sjølv om dei ikkje heilt forstår kva det går i, seier etterforskingsleiar.

DEL

– Berre i dag har to forskjellige bebuarar i Florø kome til oss med dette brevet, seier etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes ved Vest politidistrikt.

Brevet oppgjev å vere sendt frå eit advokatforma i München, og det blir hevda at mottakaren si IP-adresse er blitt brukt til ulovleg å laste ned ulovlege filmar og/eller bilde.

«Har du ikkje sjølv utført dette, kan det vere gjort av andre med tilgang til ditt nettverk, som ektefelle, barn, leigebuarar etc.» heiter det m.a. i brevet, der det blir vist til lovparagrafar og rettskraftige dommar der folk har fått fengsel i opptil 90 dagar og måtta betale erstatningar opptil 120.000 kroner for liknande tilfelle. 

(Sjå bilde av brevet nedst i saka).

– Uvanleg godt utført

Advokatkontoret er klare til å køyre saka for retten, blir det opplyst, men så viser det seg at deira klient er villig til å droppe saka, dersom ein berre betaler inn 3.770 kroner innan sju dagar.

– Dette er berre svindel. Men brevet er så godt skrive, og norsken og formuleringane så uvanleg gode, at vi fryktar at folk kan ta det for god fisk, seier Barsnes, som difor no går ut i media og åtvarar mot brevet.

– Ikkje betal, seier han.

ETTERFORSKINGSLEIAR: Kjell Magne Barsnes.

ETTERFORSKINGSLEIAR: Kjell Magne Barsnes. Foto:

Det er ein del slike svindelforsøk no, seier Barsnes.

– Det er ulike versjonar av brev som dette, også på e-post, og så er det e-postar som skal ha deg til å klikke på ei lenke. Klikkar du på den, lastar du ned spionprogramvare som legg seg på pc-en din og stel personopplysingar.

I tvil? Gå til politiet

– Er du i tvil når du får krav som dette eller liknande, så gå til politiet, er hans klare råd.

– Men er det vits i? Får de nokon gong tak i slike svindlarar?

– Det er i alle fall vits i på den måten at ein får tryggleik i at dette treng ein ikkje betale. Kva gjeld å få tak i svindlarane, så har vi problem med å få tatt dei som opererer utanfor landets grenser. Vi samlar inn informasjon og sender den vidare til Økokrim, som så tek dette opp med politiet i landet der svindlarane held til. Men så spørs det kva lovverk ein har i det landet, det er ikkje alle land som er like godt utvikla på den fronten.

Artikkeltags