Etterforskar melding om valdtekt på utestad

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Politiet har teke imot ammeldelse om valdtekt på ein utestad i Førde.

DEL

Klokka 04.40 natt til søndag fekk politiet melding om ei valdtekt av ei kvinne i Førde. Den skal ha skjedd på ein utestad i byen, og til NRK Sogn og Fjordane seier politiet at valdtekta skal ha skjedd på Scandic Sunnfjord hotell.

– Saka blir no etterforska, og det blir framleis gjennomført vitneavhøyr, seier operasjonsleiar Per Rimmen til Firda søndag.

Han vil ikkje uttale seg om politiet har nokon mistenkt i saka, og kan ikkje seie noko om alderen på kvinna.

Politiet har denne søndagen jobba med teknisk og taktisk etterforsking på åstaden.

Artikkeltags