Den avdøde kvinna kjende gjerningsmannen

ETTERFORSKAR: – Saka vert etterforska med full styrke, både teknisk og taktisk, seier politiet. Dette er den andre drapssaka i Florø i år.

ETTERFORSKAR: – Saka vert etterforska med full styrke, både teknisk og taktisk, seier politiet. Dette er den andre drapssaka i Florø i år. Foto:

Ein mann er sikta etter at ei kvinne var funnen knivstukken i Florø fredag kveld.

DEL

– Saka vert etterforska med full styrke, både teknisk og taktisk. Kriminalteknikarar jobbar på åstaden og vil fortsette med dette utover dagen, seier Arne Lutro, kommunikasjonsleiar i Vest politidistrikt laurdag morgon.

Politiet er i gang med å gjennomføre avhøyr av vitne. Den sikta mannen sit no i varetekt og vil bli framstilt for fengsling over helga. Han vil få oppnemnt ein forsvarar i løpet av dagen.

– Det er for tidleg å gje nokre detaljar om hendinga eller motiv for drapet, opplyser Lutro.

Både den sikta og den døde kvinna er utanlandske statsborgarar, dei kjenner kvarandre, men er ikkje i slekt. Det er ikkje grunn til å tru at det er fleire involvert i hendinga, seier politiet.

No jobbar politiet med å varsle kvinna sin familie i utlandet.

Har du tips i saka? Då set vi pris på om du kontaktar oss på 57833300 eller redaksjon@firda.no.

Artikkeltags